Har nokre småplagg å vise fram i dag.
Alle vart ferdige på tampen av året.
Dennne halsen var julegåve til ei ung dame.
Den er strikka i bjørnebærmønster og går to gongar rundt halsen.
Garn: Sandnes Mini Alpakka og Sandnes Silk Mohair.
Denne lua har eg strikka til meg sjølv.
La opp 130 masker på pinne nr. 3.
Strikka rundt i 30 cm.
Felte slik:
3 r, 2 rett saman
1 omg. rett.
2r, 2 rett saman.
snurp saman resten av maskene.
Garn: Du Store Alpakk tynn alpakka.
Litt over eit nøste.
Skjerf som var nesten ferdig, blei fullført og gitt i gåve.
Mønster frå Dale. Garn: Dale royal alpakka. 2,5 nøste.
Hals til son nr. tre.
Mønster frå Rauma garn, design voksen 222R.
Går to gongar rundt halsen.
Garn: Inca alpaca og Alpaca silk.
Tova vottar i eit Viking garn som eg ikkje hugsar namnet på.
Berre tovinga mangla på at desse var ferdige.
Ønsker alle som er innom bloggen min,
ei fortsatt god jul!